Mange vil ha arbeidsbåtar

Lextor Marin i Herøy arbeider med fem båtar, og reknar på ytterlegare ti kontraktar.

NYHETER 20.03.2017 06:40
Av Kjetil Haanes, Nett.no
 
Annonse

– Ja, det ser bra ut. Starten på året har vore svært godt, seier dagleg leiar Aasmund Torvik i Lextor Marin til Nett.no.

Lextor arbeidsbåt

Arbeidsbåten som skal leverast til Flekkefjord i mai. Skisse: Lextor Marin

Sidan 2010 har han satsa på spesialutvikla arbeidsbåtar, der mange har gått til oppdrettsbransjen.

– Vi ser no på ein større ordre innan oppdrett, seier han.

Gursken-skrog
Monteringa skjer i lokala i Torvika i Herøy, medan skrogbygginga skjer hos underleverandørar, delvis i Fosnavåg og ved det tidlegare Sande-verftet Longva Mek. Verksted i Gursken.

– Dei største skroga vert bygde i Gursken, seier Torvik.

Alt i mai skal den første båten leverast. Det er ein 14 meter lang og fem meter brei spesialbygd arbeidsbåd til selskapet ROV og Dykkerservice i Flekkefjord.

– Dette er båt nummer to til det same selskapet.

Nye modellar
Deretter står fire arbeidsbåtar til oppdrettsselskap for tur, der to båtar er 10 x 5 meter, og to er 12 x 4 meter.

– Alt skal leverast før ferien, så det er temmeleg hektisk, seier Torvik.

Han opplyser at om kort tid vil selskapet lansere to nye båttypar.

– Den eine er ein hurtiggåande arbeidsbåt, den andre ein liten arbeidsbåt på under åtte meter, ein båt som kan operereast av ein person.

– Vi har god tru på dei nye modellane, seier Torvik.

Annonse
Annonse
Annonse