Dette får du for 93.465 kroner

Om du vil vere med nye MS Roald Amundsen på ekspedisjonscruise til Antarktis, kostar dei dyraste lugarane 93.465 kroner. Per person.

NYBYGG 05.03.2017 19:23
Av Kjetil Haanes, Nett.no
 
Annonse

Men for denne prisen får du også ei eiga suite med panoramautsikt og eigen jacuzzi, skriv Nett.no.

Billegaste prisen er derimot 67.235 kroner per person for ein lugar utan balkong, også dette per person, medan ein Arctic Superior-lugar kostar 81.815 kroner per person.

hurtigruten -ø dekk

CRUISE: Dei øvste dekka på Hurtigruten sine nye ekspedisjonsskip liknar mykje på cruiseskip, med godt med stader å slappe av, inkludert oppvarma basseng.

Sjekk billettprisane her.

Det er dermed ikkje billegsegmentet Hurtigruten legg seg på i storsatsinga på ekspedisjonscruise til polare strøk.

Hurtigruten har alt starta salet av billettar til det første cruiset med MS Roald Amundsen, der jomfruturen går 12. januar 2019.

Opplevingscruise
Konsernsjef Daniel Skjeldam i Hurtigruten har god tru på konseptet.

– Dette er ikkje eit vanleg cruise. Dette er eit unikt opplevingscruise ispekka masse program tilpassa turistar som vil både lære og oppleve.

– MS Roald Amundsen vil setje ein heilt ny standard for innreiing og gjesteopplevingar. Målet er å gjenskape atmosfæren frå epoken for dei store oppdagelsesreisene, men innanfor ei ramme prega av kvalitet og komfort.

Det første cruiset er på 20 døgn og går frå Puenta Arenas i Chile til Antarktis og vidare til Falklandsøyane.

Saka fortsett under bildet

Hurtigruten_ekspedisjon

Foredrag
Inkludert i prisen er mellom anna flybillett frå Santiago de Chile til Puento Arenas, samt ei regn- og vindtett jakke.

Skjeldam seier at om bord vert det ei rekkje foredrag av forskarar og vitskapsfolk.

– Dette vert av dei fremste fagfolka innanfor sine område.

Teltovernatting
I prisen er ei rekkje turar på land, der ein nyttar eigne fartøy til transporten mellom båt og land.

Daniel Skjeldam - hurtigruten

Konsernsjef Daniel Skjeldam i Hurtigruten har stor tru på at mange vil betale dyrt for unike eksepdisjonscruise til polare strøk. Foto: Kjetil Haanes

Ein kan også leige kanoar til å padle mellom isfjell.

Og om ein vil, kan ein også få overnatte i ein kopi av Roald Amundsen sitt ekspedisjonstelt.

– Vi satsar på unike opplevingar av svært høg kvalitet, seier Skjeldam.

Han trur at det finst ein stor marknad for denne typen ekspedisjonscruise.

– Ja, og der skal vi vere av dei leiande, og det er ekstra gledeleg å sjå at også norske designselskap, verft og utstyrsleverandørar er i front på dette feltet.

Annonse
Annonse
Annonse