Ser lysning i horisonten

Njål Sævik meiner at botnen er nådd, men fryktar at oppgangen vil ta lang tid.

MARKED 02.02.2017 08:00
Av Kjetil Haanes
 
Annonse

– Det er fleire teikn som tyder på at det er betring i sikte, men det vil ta tid før selskapa får positiv effekt av dette, seier Havila Shipping-direktøren til Nett.no.

Havila - opplag - Moltu

OPPLAG: Havila Shipping har ni skip i opplag. Fire av dei ligg på Moltu.

Nyleg fekk ankerhandteraren Havila Venus 15.000 pund døgnet for eit riggflytt for BP på britisk side av Nordsjøen, medan Olympiz Zeus og Saltfjord fekk over 20.000 pund for eit riggflytt for Statoil.

– Dette er greie prisar, men det er enno langt mellom dei gode oppdraga, seier Sævik.

Mange om beinet

Han viser til at det no ligg tolv ankerhandterarar i Aberdeen og seks i Norge og ventar på nye oppdrag.

– Sjølv om det aktiviteten tek seg litt opp, er det svært mange aktørar som kjempar om dei same oppdraga.

– I tillegg har vi 160-170 båtar i opplag berre rundt Nordsjøen. Det vil dermed ta tid før situasjonen normaliserer seg.

Sævik ser uansett fleire teikn til lysning. Mellom anna melder fleire seismikkselskap om nye kontraktar.

– Ja, seismikk kjem alltid først i syklusen, og no er det større aktivitet der med tre-fire positive meldingar på få dagar.

Reduserer kutta

Også fleire oljeselskap har sagt at dei kanskje ikkje kjem til å kutte investeringane like mykje som dei først har sagt.

– Dette er veldig viktig. Om reduksjonen vert 15 prosent i staden for 20 prosent betyr det mykje for offshoreflåten.

Sævik meiner at ein no har nådd botnen.

– Ja, det ser slik ut. Spørsmålet er no om vi kjem til å humpe vidare ei stund bortover på dette lave nivået, eller om oppturen kjem raskt.

– Sjølv trur eg det vil ta tid, truleg lang tid.

Stadig utfordringar

Havila Shipping har ni av 26 båtar i opplag. Sævik seier at det ikkje er planar om å leggje fleire i opplag, slik situasjonen er no.

– Men dette er noko vi vurderer kontinuerleg, spesielt i samband med at båtar går ut av langtidskontraktar.

Han legg ikkje skjul på at det er utfordrande tider, sjølv etter at selskapet fekk i hamn ein refinansieringsavtale som gir pusterom fram til 2020.

Store lønskostnader

For å betre økonomien ser ein på tiltak som kan redusere kostnadene ytterlegare. Havila Shipping har mellom anna endra turnus på ein del av skipa, men har ikkje i hamn nokon avtale om lønsreduksjon, slik mange andre har.

– Det er klart at løn er viktig ettersom mannskapsutgifter normalt utgjer 70 prosent av kostnadene. Utover det har eg ingen kommentar til eventuelle nye forhandlingar med sjøfolka.

Annonse
Annonse
Annonse