Trur offshore kan lære om nøktern drift frå shipping

Trond Myklebust hoppar av sjefsjobb i Måløy og overtek roret i Viking Supply Ships. – Eg kunne ikkje seie nei til eit slikt tilbod.

JOBB 13.12.2016 09:58
Av Kjetill Haanes, Nett.no
 

– Eg gler meg, sjølv om Viking Supply Ships har dei same utfordringane som dei andre offshoreselskapa i dag har.

Det seier Trond Myklebust til Nett.no.

Forrige veke vart det klart at han overtek ansvaret for 13 offshorefartøy og rundt 500 tilsette i det Christian Sveaas-kontrollerte selskapet.

Lært nøktern drift
Myklebust har siste året vore dagleg leiar i Fjord Shipping i Måløy. Han seier at han har lært mykje av tida i Måløy.

– Ikkje minst har eg lært mykje av viktigheita av å ha ei god og nøktern drift. Her har offshorenæringa ein god del å lære.

Base i København
Viking Supply Ships er børsnotert i Sverige, men har kontor både i Kristiansand og København. Medan hovudkontoret er i Göteborg, sit driftsorganisasjonen i København, og det er derifrå Myklebust vil leie selskapet.

– Eg kjem til å reise mellom dei ulike kontora, men utgangspunktet vil vere København, sier Myklebust, som sjølv bur i Ålesund.

Han tek til i stillinga i løpet av januar.

– Det heile skjedde nokså fort, men eg kunne nesten ikkje seie nei når denne sjansen baud seg.

Vore kaptein
Han viser spesielt til at Viking Supply Ships har spesialisert seg på spesialbygde ankerhandterar for bruk i nordområda.

– Eg har sjølv vore kaptein på ankerhandterarar, og leia selskap som har satsa nettopp på denne typen skip for bruk i nordområda. I tillegg har eg erfaring frå skipsmekling.

– Denne jobben i Viking Supply Ships var eigentleg midt i blinken for meg, og er noko eg har lyst til å bruke tida på.

Selskapet har mellom anna fire store ankerhandterarar som også er isbrytande, i tillegg til fire ankerhandterarar med utvida isklasse samt ein konvensjonell ankerhandterar. I tillegg har selskapet fem PSV-ar.

Pusterom til 2020
Myklebust seier også at det var viktig for valet at selskapet er restrukturert og har fått refinansiert gjelda.

– Vi har fått pusterom fram til 2020, og innan den tid får vi håpe og tru at marknaden har betra seg.

Trond Myklebust har arbeidd i fem år som skipsmeklar for Seabrokers i Stavanger, han har vore marknadsdirektør og seinare administrerande direktør i Bourbon Offshore Norge i seks år.

Myklebust har også vore toppsjef i Kongsberg Evotec.

Som dagleg leiar i Fjord Shipping har han hatt ansvaret for managementet av 20 kjøle- og kjemikalieskip. Selskapet har 420 sjøfolk og 25 tilsette på land.

Trond Myklebust overtek etter Christian Berg i Viking Supply Ships.

I ei børsmelding frå selskapet vert det opplyst at Bengt A. Rem vert gjeninnsett som styreleiar i Viking Supply Ships AB, og at Folke Patriksson vil gå tilbake som nestleiar i styret i det svenske børsnoterte selskapet.

Knut Eltvik overtek
I ei pressemelding frå Fjord Shipping vert det opplyst at Knut Eltvik tek over etter Trond Myklebust.

Eltvik kjem frå selskapet Engie, der han har vore tilsett i 3,5 år som Senior Marine Advisor.

Han har vidare jobba hos Solstad Offshore i 10 år, og då hovudsakelag som operasjonsansvarleg. Eltvik vil tiltre stillinga formelt 1. februar 2017.

– Fjord Shipping AS er tilfreds med å få ein leiar på laget med solid bakgrunn frå leiande stillingar i maritime næringar, og ser fram til å arbeide saman med han om selskapets vidare vekst, skriv selskapet i pressemeldinga.